Mediearving vil ha 18-årsgrense på eige blad Cosmopolitan får kritikk for å rette seg mot yngre jenter ved å plassere tenåringsidolet Selena Gomez på fyrstesida.

Mediearving vil ha 18-årsgrense på eige blad

Det er familiens eige blad mediearving Victoria Hearst vil ha 18-års aldersgrense på. I tospann med den kristne modellen Nicole Weider kjempar Hearst mot motemagasinet Cosmopolitan.

Det vekkjer debatt i USA at Hearst-arvingen Victoria Hearst har gått ut med offentleg støtte til ein kristen kampanje for å innføre 18-årsgrense på kjøp av motemagasinet Cosmopolitan. I tillegg krev dei at coveret vert dekka til i butikkhyllene. Dette skriv Huffington Post.

Cosmopolitan er amerikas bestseljande motemagasin og kjem ut i meir enn 60 internasjonale utgåver. Bladet er eigd av The Hearst Corporation som i si tid vart grunnlagt av den legendariske og styrtrike mediemogulen William Randolph Hearst. Forøvrig mannen som skal ha inspirert hovudrollekarakteren i Citizen Kane.

W. R. Hearst var bestefar til Victoria Hearst - forøvrig veslesøster av 70-talets legendariske kidnappingsoffer Patty Hearst.

Radikal omvending

På 90-talet gjennomgjekk Victoria ei radikal kristen omvending etter eit tøft samlivsbrot. I etterkant har ho investert betydelege midlar av arven i bygginga av Praise Productions Christian Store og Ridgway Christian Center i Colorado.

På byrjinga av 2000-talet retta ho vidare eit kritisk søkelys mot familiens eigne publikasjonar. Ho la fram ein rapport for styret i The Hearst Corporation frå ein kristen og ein ikkje-kristen kvinneleg psykolog om ulike artiklar i Cosmopolitan, samt sin eigen analyse basert på bibelsk etikk. Alle tre konkluderte med at innhaldet i bladet kunne vere skadeleg for unge jenter. Rapporten nådde likevel ikkje lenger enn til styrerommet.

Snakk offentleg!

Men då Victoria nyleg såg eit tv-intervju der modellen Nicole Weider fronta den kristne kampanjen for å innføre 18-årsgrense på kjøp av Cosmopolitan, fortel ho at Gud talte til henne om at det var på tide å snakke offentleg, skriv The New York Observer

Hearsts kompaniskap med Nicole Weider har vekt oppsikt i USA.  Per dags dato har kampanjen meir enn 33 000 underskrifter, men det ser førebels ikkje ut til å gjere  inntrykk på Cosmopolitans redaksjon; «Som eit magasin skrive av kvinner for kvinner, trur Cosmo på vår konstitusjonelle rett til å publisere og stille ut magasinet». 

Selj det til vaksne

Cosmopolitan er kjend for reportasjar av seksuell karakter med overskrifter av typen «Slik er du garantert orgasme», «Hmm vagina, har du det ok der nede?» eller «Kvifor eg elskar penisen min» og skriv gjerne om tema som analsex, trekant, tilfeldig sex, sexting og feminin porno.

- Korleis er dette i det hele teke lovleg? Dersom dette er eit blad for vaksne så sel det til vaksne, sier Hearst.

- Vi ber ikkje Cosmopolitan om å endre sitt innhald. Vi vil berre at dei tek ansvar for det. Dei seier at det er for vaksne, så la dei selje det til vaksne...Dersom dei skal trykke seksuelt eksplisitte artiklar og bilete, burde det ikkje bli marknadsført og selt til born. Så enkelt er det.

 


Annonse1
Diagnose: dagens ungdom

Diagnose: dagens ungdom

Er dagens ungdom verre enn tidligere generasjoner?  LES MER
(23.05.2013)
«Ukens ros til NRK»

«Ukens ros til NRK»

Begeistrede seere gir respons på at NRK sendte filmen Predikanten. LES MER
(22.05.2013)
– Ta pornopraten med barna

– Ta pornopraten med barna

Barnevakten får henvendelser fra foreldre og lærere om utstrakt pornobruk blant barn og unge. – Det er viktig at foreldre snakker med barna sine om porno, mener Barnevakten. LES MER
(21.05.2013)
Mediestipend

Mediestipend

Familie & Medier deler hvert år ut stipend for å fremme kristne verdier i mediene. Disse er tildelt midler i 2013. LES MER
(21.05.2013)

Gi Gave

Drømmen: Jesus i mediene

Drømmen: Jesus i mediene


Kan vi forvente at norske tv-kanaler som NRK, TV 2 og TV Norge skal preges av kristen tro? Eller må vi som kristne egentlig bare resignere og ta til takke med de lysglimtene som tross alt finnes i sendeskjemaet?

Les mer

Hva skjer?


10 juni
Styremøte i Familie & Medier
 
>Se hele kalenderen