- Livssyn i journalistisk blindsone
(15.05.2013) - «Ukens Ros» til VG og magasinet Henne
(14.05.2013) - Nordiske Mediedager
(13.05.2013) - Dokumentarfilmen «Predikanten» vises på NRK1
(13.05.2013) - Pressen er opptatt av tro
(12.05.2013) - Kjøper seg skjønnhet
(12.05.2013) - Skrev av Bibelen for hånd
(12.05.2013) - Gratulasjoner til en rebelsk tiåring
(08.05.2013)
Bilete frå programmets Facebook-side.Betty (90) og Beryl (86) vann humorpris
Dei to tilårskomne damene vart nyleg tildelt Sony Radio Academy Award for beste radiounderhaldning i Storbritannia. Sjølv med berre 20 000 lyttarar greidde dei å overtyde juryen om at dei har noko heilt spesielt.
-Vi er ikkje gamle, vi er resirkulerte tenåringar, seier Betty og Beryl sjølv. Likevel klagar dei over alt frå høglytte radiojinglar, prisen på sukker, og snakkar om kor mykje betre alt var under krigen, skriv NRK og siterer ein representant for prisutdelaren Sony:
- Betty og Beryl er enormt underhaldande, dei leiker med mediet, og er fullstendig fristilt frå reglar og oppfatningar om kva som fungerer på radio, seier en representant for Sony til avisa the Telegraph.
Tilfeldig oppdaga
Dei to damene vart som så mange kjendisar, oppdaga ved eit tilfelle. Det heile starta i 2006 då programleiar David Reeves utan hell besøkte lokale aldersheimar for å intervjue pensjonistar. Men så møtte han to svært frittalande damer som var på turistbesøk på BBC Humberside sitt distriktskontor i Hull. Etter det har trekløveret vore uadskiljelege på lufta.
- Dei kom inn og byrja umiddelbart å fortelje meg kva dei syntest og at all musikken eg spela var søppel. Der og då innsåg eg at desse stemmene høyrer du aldri på radio, seier David Reeves til Telegraph.
Han er forresten fast innslag i rolla som barnebarnet som grev og spør om det meste. Noko som mellom anna kan få damene til å uttale seg om moderne kle:
- Eg ser mange brukar farga skjørt med farga toppar. Det går ikkje an! Du kan bruke ein topp i fleire fargar, men då må benklærne vere meir nøkterne.
Du kan lytte til programmet her. Og sjølvsagt er damene på Facebook.
Livssyn i journalistisk blindsone
«Ukens Ros» til VG og magasinet Henne
Nordiske Mediedager
Dokumentarfilmen «Predikanten» vises på NRK1
Gi Gave
Drømmen: Jesus i mediene

Kan vi forvente at norske tv-kanaler som NRK, TV 2 og TV Norge skal preges av kristen tro? Eller må vi som kristne egentlig bare resignere og ta til takke med de lysglimtene som tross alt finnes i sendeskjemaet?
Les mer
Hva skjer?


