Bruker kristne samlivsekspertar

Bruker kristne samlivsekspertar

I mylderet av sexologar og samlivsekspertar, har Bergens Tidende valt å gje spalteplass til tre samlivsvegleiarar frå Haraldsplass Diakonale Senter. Familie & Medier synest avisa fortener honnør.

Dei siste vekene har Bergens Tidende fokusert på familie- og kvardagsliv i ein serie reportasjar. Som ei avslutning på serien vart lesarane invitert til å sende inn spørsmål om samliv, barn og praktisk kvardagsliv til tre erfarne samlivskurshaldarar; Rollaug Waaler, Dag Inge Ulstein og Anine Vieth Mildestveit. Alle tre frå Sjelesorgsenteret Haraldsplass. Spørsmål og svar kan du lese her.

Frå Klara Klok til moderne sexologar

Bruken av samlivsekspertar har lang tradisjon i norske medier. Medan det i fyrste omgang var dameblada som dyrka sjangeren av typen «Klara Klok», har Aftenposten i mange år brukt til dømes prest Per Arne Dahl og psykolog Sissel Gran som no er blitt avløyst av psykolog Frode Thuen.

I dagens tabloide aviser som VG og Dagbladet figurerer høvesvis psykolog Kristin Spitznogle og sexolog Gro Isachsen. Regionavisene bruker gjerne sexolog Eva Mohn. For å nemne nokon.

Ikkje møte svik med svik

Men kva råd dei gjev lesarane sine, sjå, det kan sprike i alle retningar. Difor har det heller ikkje skorta på interne debattar i dette fagmiljøet. Mellom anna fekk seksualvaneforskar Bente Træen mykje pepar då ho i 2005 kritiserte andre samlivsekspertar for useriøs rådgjeving. Ho viste konkret til eit råd frå Eva Mohn om å takle utruskap i eit forhold ved sjølv å vere utru. 

- Utruskap er sjølve skrekkscenariet i parforholdet. Dei fleste ser på det som noko utilgjeveleg. Det å gje slike råd, er då heilt på jordet. Du seier berre ikkje at det er fruktbart å møte svik med enno meir svik, sa Træen til Dagbladet den gang og åtvara «bransjen» mot å sjå seg sjølv som ein del av underhaldningavdelinga.

Forsoning i ein lang prosess

Til samanlikning svarer samlivsterapeut Anine Vieth Mildestveit slik på bt.no i møte med ein mann som har opplevd at kona var utru:

- Tilgjeving ved store tillitsbrot er ofte ein lang og vanskeleg prosess der nokon par vil trenge vegleiing frå ein tredjepart. Tillit må byggast opp gradvis, det å stole på kona di igjen vil ta tid. Om kona di er villeg til å vise i handling at ho er til å stole på, og at ho ved å uttrykke lojalitet og forplikting og trufastheit til deg og du kjenner at det er noko du kan klare å stå i, så er det ingenting i vegen for å jobbe dykk gjennom denne prosessen.

Kva råd som vert gjeve heng saman med ekspertens eige verdisyn. Difor synest Familie & Medier det er gledeleg at Bergens Tidende gjer seg nytte av ekspertar frå Sjelesorgsenteret Haraldsplass.

- Vi gjev honnør til BT for måten dei har sett fokus på familie og kvardagsliv på dei siste vekene. Det at dei no brukar samlivsterapeutar som har eit tydeleg forankra verdisyn, trur vi vil ha positive ringverknader, seier Linda Askeland i Familie & Medier.

 


Annonse1
Livssyn i journalistisk blindsone

Livssyn i journalistisk blindsone

Journalistikken er i krise. Det er påstanden og bakgunnen for rapporten som ble lagt frem på Nordiske Mediedager, der konsekvenser ble belyst og tiltak foreslått. LES MER
(15.05.2013)
«Ukens Ros» til VG og magasinet Henne

«Ukens Ros» til VG og magasinet Henne

— Det er underlig når et av vår tids viktigste verdispørsmål blir gjemt bort i en budsjettproposisjon, skriver VG på lederplass. LES MER
(14.05.2013)
Nordiske Mediedager

Nordiske Mediedager

Familie & Medier deltok på Nordiske Mediedager 2013 i Bergen. — Det var et nyttig og godt program med stor bredde i tilbudet, men jeg savnet fokus på temaet religion og livssyn sier Linda Askeland i Familie & Medier. LES MER
(13.05.2013)
Dokumentarfilmen «Predikanten» vises på NRK1

Dokumentarfilmen «Predikanten» vises på NRK1

I pinsen viser NRK filmen «Predikanten» som er regissør Elisabeth Kleppes svært personlige historie om predikantpappa Finn Kleppe.  LES MER
(13.05.2013)

Gi Gave

Drømmen: Jesus i mediene

Drømmen: Jesus i mediene


Kan vi forvente at norske tv-kanaler som NRK, TV 2 og TV Norge skal preges av kristen tro? Eller må vi som kristne egentlig bare resignere og ta til takke med de lysglimtene som tross alt finnes i sendeskjemaet?

Les mer

Hva skjer?


10 juni
Styremøte i Familie & Medier
 
>Se hele kalenderen