Fryktar ein pornoavhengig generasjon

Fryktar ein pornoavhengig generasjon

Ei ny britisk undersøking syner at stadig fleire barn ser nett-porno. Ifølge Dagen åtvarer organisasjonen Safer Media om at ein heil generasjon kan vokse opp som pornoavhengige. Jarle Haugland trur Norge er i same situasjon.

- Vi ser at born har begynt å fortelje terapeutar og legar at dei slit med uvanlege seksuelle problem. Vi høyrer stadig oftare om seksuell avhengigheit og anti-sosial seksuell åtferd, seier grunnleggaren av Safer Media i Storbritannia, Miranda Suit, til P4

Ein ny tverrpolitisk rapport syner at meir enn ein fjerdedel av unge pasientar ved Storbritannias leiande klinikkar er der for å få hjelp for avhengigheit av nettporno, skriv Dagen. Ein av tre tiåringar sett porno på nettet.

Tidlegare tal vitnar om at ingen born ser meir nettporno enn dei norske. Difor er det grunn til å tru at utviklinga i Storbritannia også gjeld Norge.

Born utvist frå skulen

Miranda Suit fortel om born under 11 år som vert utvist frå skulen for å ha sett nettporno.

- Dei har begynt å teste ut det dei har sett på skjermen på andre born.

Fryktar same situasjon i Norge

Jarle Haugland i Familie & Medier er ikkje overraska over dei høge tala.

- Vi veit at porno lett skaper avhengigheit. Samtidig er der ein konsensus i samfunnet om at porno er greit. Om det er frykt for moralisme eller reell seksuell frigjering som gjer dette, veit eg ikkje. Men det er på tide at vi får opp augene for pornoens destruktive verknader. Internett har gjort tilgangen til pornografi mykje lettare, også for barn. Og om ikkje vi tek tydelege grep i landet vårt, vil vi sjå fleire uheldige utslag av dette også her, seier han. 

 


Annonse1
Livssyn i journalistisk blindsone

Livssyn i journalistisk blindsone

Journalistikken er i krise. Det er påstanden og bakgunnen for rapporten som ble lagt frem på Nordiske Mediedager, der konsekvenser ble belyst og tiltak foreslått. LES MER
(15.05.2013)
«Ukens Ros» til VG og magasinet Henne

«Ukens Ros» til VG og magasinet Henne

— Det er underlig når et av vår tids viktigste verdispørsmål blir gjemt bort i en budsjettproposisjon, skriver VG på lederplass. LES MER
(14.05.2013)
Nordiske Mediedager

Nordiske Mediedager

Familie & Medier deltok på Nordiske Mediedager 2013 i Bergen. — Det var et nyttig og godt program med stor bredde i tilbudet, men jeg savnet fokus på temaet religion og livssyn sier Linda Askeland i Familie & Medier. LES MER
(13.05.2013)
Dokumentarfilmen «Predikanten» vises på NRK1

Dokumentarfilmen «Predikanten» vises på NRK1

I pinsen viser NRK filmen «Predikanten» som er regissør Elisabeth Kleppes svært personlige historie om predikantpappa Finn Kleppe.  LES MER
(13.05.2013)

Gi Gave

Drømmen: Jesus i mediene

Drømmen: Jesus i mediene


Kan vi forvente at norske tv-kanaler som NRK, TV 2 og TV Norge skal preges av kristen tro? Eller må vi som kristne egentlig bare resignere og ta til takke med de lysglimtene som tross alt finnes i sendeskjemaet?

Les mer

Hva skjer?


10 juni
Styremøte i Familie & Medier
 
>Se hele kalenderen