- Vond tildeling fra Fritt Ord
(19.06.2013) - «Ukens ros» til Google
(16.06.2013) - Omstridt reklame på norske skjermer
(15.06.2013) - Norsk bibelsal vekkjer oppsikt i USA
(15.06.2013) - Kan få bot for å ha vist Grey's Anatomy
(15.06.2013) - Vakkert om vond barndom
(14.06.2013) - Strikking blir NRK-maraton
(14.06.2013) - Sov trygt eller sov i frykt
(13.06.2013)
Foto: ABC«Good Christian Bitches» tatt av lufta
Etter protestar frå kristne sjåargrupper, har Disney og ABC bestemt seg for å ikkje lage fleire sesongar av «Good Christian Bitches». Her til lands går serien framleis på TV Norge.
Showet Good Christian Bitches hadde premiere i USA 4. mars og fekk premiere på TV Norge kort tid seinare. No er det altså slutt etter berre ein sesong for den omdiskuterte såpeserien som vart kalla kristenversjonen av Frustrerte fruer.
Ted Baehr, leiar for Movieguides og ein toneangivande kristen mediedebattant, skildrar ABC/Disney si avlysing som ein «siger for tru og verdiar», i fylgje Charisma. Baehrs organisasjon var ein del av ein nasjonal kampanje for å få kommersielle aktørar til å forlate kanalen til fordel for andre og meir familievennlege program.
Ikkje familievennleg
Movieguides David Ouetta som sjølv har arbeidd mange år i Disney, skreiv nyleg eit ope brev til selskapets administrerande direktør der han mellom anna spør om Disney har forlatt Motion Picture Code, filmverdas «ver varsom plakat», om «aldri å latterliggjere noko religiøs tru i verken film eller episodar».
For Disney, som set si ære i å vere familievennleg, vart det vanskeleg å argumentere for at Good Christian Bitches «var ein forkjempar og inspirasjon for vårt nøkkelpublikum beståande av barn og familiar» og ei hjelp til å bety «ei varig og positiv endring i verda» som det heiter i Disneys 2012-manifest.
Vond tildeling fra Fritt Ord
«Ukens ros» til Google
Omstridt reklame på norske skjermer
Norsk bibelsal vekkjer oppsikt i USA
Gi Gave
Drømmen: Jesus i mediene

Kan vi forvente at norske tv-kanaler som NRK, TV 2 og TV Norge skal preges av kristen tro? Eller må vi som kristne egentlig bare resignere og ta til takke med de lysglimtene som tross alt finnes i sendeskjemaet?
Les mer


