- Diagnose: dagens ungdom
(23.05.2013) - «Ukens ros til NRK»
(22.05.2013) - – Ta pornopraten med barna
(21.05.2013) - Mediestipend
(21.05.2013) - «Tilfredsstiller alle uten å fornærme noen»
(21.05.2013) - Bønnen som sjokkerte verden
(20.05.2013) - Livssyn i journalistisk blindsone
(15.05.2013) - «Ukens Ros» til VG og magasinet Henne
(14.05.2013)
Foto frå filmen.Gud talte til filmskapar i ein draum
«Trade of Innocents» er Hollywoods historie om Kambodsjas sexhandel. Og eit resultat av gudgitte møter og profetiske draumar.
Det er Charisma som fortel den sterke historia om regissør Christopher Bessette og hans kamp for å lage ein film om Kambodsjas sexhandel.
Det heile byrda for nokre år sidan då filmskaparen gjekk undercover i hovudstaden Pnomh Penh for å dokumentere sexhandelen til sin planlagde Hollywoodfilm Trade of Innocents. Etter å ha utført risikabel research og i løynd filma eit urovekkjande møte mellom ei åtte år gamal jente og ein 60 år gamal kvit mann, gjekk han inn i månadlange forhandlingar med investorar.
Så, like før den avgjerande telefonsamtalen for å lande kontrakten, talte Gud: «Ikkje gjer det». Bessette valde å vere lydig, sjølv om han brått stod utan finansiering av filmen han hadde arbeidd så hardt for.
Det gule kartet
Same natta hadde han ein draum. I draumen såg han ein mann han identifiserte som «produsent«. Han såg også eit gult kart over Kambodsja og ei klokke nede i hjørnet. Bessette trudde klokka betydde at han ikkje forstod seg på timing. Men Gud sa: «tida er inne».
Då han vakna lurte han fælt på kva draumen betydde.
Møtet
På same tida hadde det samfunnsengasjerte ekteparet Bill og Laurie Bolthouse sjølv vore vitner til den grufulle sexhandelen med barn under sitt besøk til Kambodsja. Då dei kom heim byrja dei å leite etter ein måte å bekjempe trafficking på.
Basert på referansane frå ein ven, tok Bessette kontakt med ekteparet for å fortelje om den planlagde filmen. I 2009 sat han seg ned og skreiv eit brev om historia han følte at Gud hadde gjeve han og at han ville lage ein film om trafficking.
Ekteparet bad over det og bestemte seg for å støtte filmskaparen økonomisk.
Gudfeldig møte
Men den verkelege stadfestinga kom fyrst fleire månader seinare då Bessette fortalde ekteparet om draumen han hadde hatt om det gule kartet over Kambodsja. Umiddelbart fann Bill fram eit kart han hadde liggande frå tida i Phomh Pehn. Det var eit gult kart over Kambodsja.
- Det er kartet frå draumen min, sa Bessette som visste at dette var eit guddommelig møte med den riktige produsenten.
To år etterpå var filmen med Oscar-vinnar Mira Sorvina og Dermot Mulroney i hovudrollene ferdig, i tide og rimelegare enn avtalt.
Bankande hjarta
Trade of Innocents hadde snikpremiere under Breckenridge Festival of Film for to veker sidan og toneangjevande Huffington Post let seg imponere: «svært sjeldan finn du ein film, attpåtil ein thriller, med eit så bankande hjarta i sitt innerste.»
Filmen får ordinær premiere i USA seint i 2012 eller tidleg i 2013. Du kan sjå Christopher Bessettes filmdagbok her.
«Ukens ros til NRK»
– Ta pornopraten med barna
Mediestipend
Gi Gave
Drømmen: Jesus i mediene

Kan vi forvente at norske tv-kanaler som NRK, TV 2 og TV Norge skal preges av kristen tro? Eller må vi som kristne egentlig bare resignere og ta til takke med de lysglimtene som tross alt finnes i sendeskjemaet?
Les mer
Hva skjer?



