- Barn drepes, hvor har pressen vært?
(16.05.2012) - Høyere status av boblejakke
(15.05.2012) - Hvem fortjener Medierosen 2012?
(15.05.2012) - Barnebibel på app
(15.05.2012) - Hjertevarm video om et annerledes barn
(14.05.2012) - Reality-tv vil skape fred i Irak
(14.05.2012) - Eurovision-bloggere ønsker Grand Prix-boikott
(14.05.2012) - Jeg vil eldes med smil
(09.05.2012)
Rachel McAdams og Channing Tatum spelar hovudrolla i filmen The Vow.
Gud vart borte då bok vart til film
Hollywood har igjen laga storslått romantisk drama «based on a true story». Men Gud som spelte ein viktig rolle i forteljinga, fekk ikkje bli med i filmen.
Filmen The Vow har smellvakre Rachel McAdams og Channing Tatum i hovudrollene og er basert på den biografiske suksessboka med same namn. Men trass ei krystallklart forteljing om Guds inngripen, vart ikkje Gud funnen viktig nok til å bli med over til lerretet.
Hollywood lagar stadig feelgood-film med kristent tilsnitt. Både Soul Surfer og The Blind Side er døme på filmatiserte sanne historier. Kvifor Gud vart utelatt denne gangen, veit vi ikkje.
Minnetap
Sjølvbiografien The Vow frå 2000 fortel den sanne historia om Kim og Krickitt Carpenter. Eit ungt og forelska par som etter berre ti veker som nygifte opplever ei voldsom bilulukke. Krickitt vert livstrugande skadd, med mindre enn ein prosent sjanse til å overleve.
Som ved eit mirakel overlever ho og vaknar etterkvart frå koma. Men utan noko som helst minne om ektemannen. Det siste halvtanna året av livet hennar er rett og slett borte og i fylgje legane kjem det kan hende aldri tilbake.
Inga historie utan Gud
I det verkelege liv, valde Kim og Krickitt å klynge seg til Gud og legge sin brutte relasjon i hans hender. Slik arbeidde dei seg gjennom minnetap og personlegdomsendringane som fulgte av Krickitts hovudskader.
På skjermen er historia blitt ganske annleis, utan at vi her skal røpe akkurat korleis. Men viktigast av alt er at Gud er ikkje nemnt i det heile. Noko Krickitt i følge Charisma ikkje kan stå inne for: «Vi har inga historie utan Gud. Og den historia handlar eigentleg om å forplikte seg. Overfor han og overfor kvarandre i ekteskapet».
Å halde eit løfte
Filmen fokuserer utelukkande på kjensler og ikkje på det livslange løftet. Men nettopp forpliktinga var avgjerande for Krickitt då alle kjensler var døde.
- Eg ville gjerne ha sagt at eg vart forelska i mannen min på nytt fordi det er det alle vil høyre. Men eg valde å elske han og det var basert på lydnad mot Gud, ikkje kjensler.
Du kan lese ein kortversjon av den sanne historia hos Reader´s Digest.
Barn drepes, hvor har pressen vært?
Høyere status av boblejakke
Hvem fortjener Medierosen 2012?
Barnebibel på app
Gi Gave
La barna få høre om Jesus!

Kjenner barn i Norge til det frigjørende budskapet om Jesus? Barna var viktig for Jesus. Derfor tok han dem inn til seg og velsignet dem. Og han sa at vi andre må bli som barn for å komme inn i Guds rike.
Les mer
Vår mening
“Du kan jo bare slå av” -egoismen

Det er nedslående å se hvordan egoismen, individualismens onde tvillingbror, har gjort sitt inntog i mediedebatten. «Hvorfor kritiserer dere? Dere kan jo bare slå av tv-en!» er kronargumentet...
Les mer
Din mening
Mediene har hovedansvar for det de formidler
Myndighetene er ansvarlige gjennom lover og retningslinjer
Mediebrukerene må selv ta ansvar for det man fyller seg med
Ingen formeningSe resultat


