- Diagnose: dagens ungdom
(23.05.2013) - «Ukens ros til NRK»
(22.05.2013) - – Ta pornopraten med barna
(21.05.2013) - Mediestipend
(21.05.2013) - «Tilfredsstiller alle uten å fornærme noen»
(21.05.2013) - Bønnen som sjokkerte verden
(20.05.2013) - Livssyn i journalistisk blindsone
(15.05.2013) - «Ukens Ros» til VG og magasinet Henne
(14.05.2013)
Foto: Paramount Pictures.Innbiller seg at dei er stjerne i eige show
I filmen «The Truman Show» frå 1998 oppdagar hovudpersonen (Jim Carrey) at heile livet hans eigentleg er eit direktesendt tv-show. 14 år seinare innbiller stadig fleire menneske seg at nettopp dei er i same situasjonen.
Dei mange utskjelte realityprogramma har fått enno ein ting på samvitet. For sjølv om det enno ikkje er ein godkjend psykiatrisk diagnose, skriv Daily Mail at stadig fleire psykologar støter på eit såkalla «Truman-syndrom» i behandlinga av pasientar; ei tvangsførestilling om at ein er stjerne i eige realityprogram. Namnet er sjølvsagt henta frå den banebrytande filmen The Truman Show.
Råkar dei suksessrike
Spesielt råkar det suksessrike menneske som utviklar paranoia om at dei til ei kvar tid vert filma. I neste omgang forsvinn dei inn i tvangsforestillingar om at menneska rundt dei er skodespelarar og at den ytre verda ikkje er verkeleg. Alt dei ser av nyheiter er designa for å øve kontroll på tankane deira og alt som skjer dei er iscenesett for å underhalde andre.
Slike tvangsførestillingar kan til og med få valdelege utfall. I 2009 drap australske Anthony Warlow faren og systera fordi han trudde dei var med på eit realityshow der formålet var å drepe han eller få han til å ta sitt eige liv. Fyrst etter å mottatt antipsykotisk medisinering skjøna Warlow kva han hadde gjort.
To år før dette igjen, gjekk ein Florida-psykiater til fysisk angrep på ein toåring og mora hans i eit forsøk på å kome seg laus frå realityshowet han trudde han var med i.
Trudde 9/11 var iscenesett
Nyleg publiserte doktorane Joel og Ian Gold, som arbeider ved høvesvis New York University og McGill University i Montreal, ein artikkel i fagbladet Cognitive Neuropsychiatry. Dei har intervjua fem pasientar med ulike variantar av Truman-syndromet.
Ein av desse trudde til dømes at åtaket på World Trade Center var iscenesett i høve filminga av tv-showet han trudde han deltok i. Einaste måten å verifisere det på var å reise til New York for å sjå om bygningane faktisk var borte på verkeleg.
«Ukens ros til NRK»
– Ta pornopraten med barna
Mediestipend
Gi Gave
Drømmen: Jesus i mediene

Kan vi forvente at norske tv-kanaler som NRK, TV 2 og TV Norge skal preges av kristen tro? Eller må vi som kristne egentlig bare resignere og ta til takke med de lysglimtene som tross alt finnes i sendeskjemaet?
Les mer
Hva skjer?



