- Livssyn i journalistisk blindsone
(15.05.2013) - «Ukens Ros» til VG og magasinet Henne
(14.05.2013) - Nordiske Mediedager
(13.05.2013) - Dokumentarfilmen «Predikanten» vises på NRK1
(13.05.2013) - Pressen er opptatt av tro
(12.05.2013) - Kjøper seg skjønnhet
(12.05.2013) - Skrev av Bibelen for hånd
(12.05.2013) - Gratulasjoner til en rebelsk tiåring
(08.05.2013)
Medieetikk og 22. juli-rettsak
Norske og utanlandske medier vel svært ulike måtar å dekke rettsaka mot Anders Behring Breivik på. Gjeld eit sett reglar på heimebane og eit anna når tragedia råkar langt borte? spør kommentator Frode Bjerkestrand.
Medan norske medier valde å ikkje gjengje aktoratets innleiingsforedrag, sende fleire utanlandske kanalar direkte. Blant desse svenske TV 4, Danmarks Radio, dansk TV 2 og det finske mediehuset Helsingin Sanomat.
Norske medier har vald ein streng sjølvpålagt sensur og utelet aktors skildring av detaljar om dei skadde og drepne. Omsynet til dei pårørande veg tyngst.
Det er også omsynet til dei pårørande som gjer at Støttegruppa for 22. juli har trykt opp klistremerke med «no interviews, please». Slik kan ein sleppe å forhalde seg til journalistar. Noko mellom anna BBcs reporter Lars Bevanger opplever som ein grei praksis. I eit intervju med Her og Nå på NRK P1 streka han under at tunge kanalar som CNN og BBC respekterar at pårørande ikkje vil uttale seg.
For nærgåande?
Debatten om media var for pågåande overfor pårørande i tida etter 22. juli er ikkje ny. Då BBCs nyhendeanker Jon Sopel nyleg heldt foredrag om 22. juli ved Høgskulen i Volda, uttalte han seg om kritikken frå Trond Blattmann, leiar for Støttegruppa for 22. juli i eit intervju med fagbladet Journalisten.
- Journalistar må spørje folk. Seier de nei, eller ser ut som dei ikkje er i stand til å gje intervju, skal ein la dei vere i fred. Men Blattmann meinte ingen var i stand til å gjere slike intervju og at vi ikkje burde ha spurt. Men vi journalistar kan ikkje vurdere folks mentale tilstand. Du spør. Seier dei nei, respekterer du det. Seier dei ja, gjer du eit intervju som forhåpentlegvis er gjennomført på ein skikkeleg og omsynsfull måte.
Sopel er også soleklar på at media bør benytte seg av lekkasjar frå politi og advokatar.
- Dersom media unnlet å publisere viktig informasjon ser det ut som vi er ein del av statsapparatet, og ikkje uavhengige aktørar. Då vil vi miste truverd. Ei vaksen befolkning som er innbyggarar i eit modent demokrati, har rett til å vite. Kvifor skal vi i det heile begynne med antakinga at dei ikke burde vite disse tinga?
Annleis når det skjer her
Kommentator i Bergens Tidende, Frode Bjerkestrand, viser til at utanlandske medier frå starten var langt meir pågåande og stilte kritiske spørsmål til styresmakter og politi enn norske kollegaer gjorde. Noko norske medier delvis har teke berettiga sjølvkritikk for. Men uansett kunne ikkje norske medier ha stilt dei same spørsmåla i ein tidleg fase utan å ha blitt oppfatta som «empatilause kynikarar, og anklagene om kommersielle motiv og mangel på kompetanse ville ha runga over by og land».
Han seier vidare at når ein del utanlandske aktørar no dekker rettsaka med grufulle detaljar inkludert, så skil det seg kan hende ikkje frå korleis heimlege medier ville ha skildra ei hending utanfor norske grenser.
- Skjer katastrofen utanfor vår eiga dør, berører den oss på ein heilt ny, framand og skremmande måte. Dette utløyser også ein trong til vern og evne til medkjensle som vanleg katastroferapportering frå fjerne strøk kanskje ikkje fører med seg.
Livssyn i journalistisk blindsone
«Ukens Ros» til VG og magasinet Henne
Nordiske Mediedager
Dokumentarfilmen «Predikanten» vises på NRK1
Gi Gave
Drømmen: Jesus i mediene

Kan vi forvente at norske tv-kanaler som NRK, TV 2 og TV Norge skal preges av kristen tro? Eller må vi som kristne egentlig bare resignere og ta til takke med de lysglimtene som tross alt finnes i sendeskjemaet?
Les mer
Hva skjer?


