- Barn drepes, hvor har pressen vært?
(16.05.2012) - Høyere status av boblejakke
(15.05.2012) - Hvem fortjener Medierosen 2012?
(15.05.2012) - Barnebibel på app
(15.05.2012) - Hjertevarm video om et annerledes barn
(14.05.2012) - Reality-tv vil skape fred i Irak
(14.05.2012) - Eurovision-bloggere ønsker Grand Prix-boikott
(14.05.2012) - Jeg vil eldes med smil
(09.05.2012)
Nyhetsteam dokumenterte bønnesvar
Kvart år reiser ein anonym forretningsmann på kryss og tvers i USA og deler ut 100 dollar-sedlar til tilfeldige menneske i selskap med journalist Steve Hartmann frå CBS. Denne jula vart dei vitner til at narkomane Thomas Coates (30) fekk eit livsforvandlande bønesvar.
Nyheitsreportasjen frå CBS viser ein forretningsmann som opererer som Secret Santa (hemmelig nisse) og delar ut pengar til folk i bruktbutikkar og busstasjonar. Den er plukka opp av den kristne nettkanalen Godvine og sirkulerer for tida på Facebook.
Secret Santa spør ikkje nokon kva dei vil bruke pengane på. Ikkje bryr han seg om det heller.
- Nei, fordi ein av dei tinga eg gjer, er at eg ikkje dømer nokon.
Ultimatum
Og det er bra, meiner journalisten. For å skilje snill frå slem er ikkje forretningsmannens styrke. Noko som kjem til syne når han gjev 100 dollar til 30 år gamle Thomas Coates.
- Eg har ikkje fortent den, er Coates umiddelbare reaksjon medan tårene sprett.
- Jau, det har du. For eg kan sjå at du er ein bra mann, svarer Secret Santa. Coates byrjar gråte og seier at ingen andre enn kanskje mor hans vil seie det same.
Det viser seg at Thomas Coates er ein tung heroinmisbrukar som dei siste åra har vore inn og ut av behandlingsinstitusjonar. Noko av det siste han har gjort er å selje leikene til sonen for å få pengar til dop.
Kvelden før hadde sambuaren, som han ikkje forstår korleis har helde ut, stilt eit ultimatum: «Kanskje du kan be ei rask bøn til Gud. Eg veit at du ikkje trur på han, men kanskje du kan begynne.»
Bønesvar
Så Thomas bad. Og då han neste dag fekk dollarseddelen i neven vart det for mykje av eit samantreff for den erklærte ateisten til at han kunne la vere å tru.
- Det er utruleg. For meg er det eit mirakel. Det var Gud som sa til meg: «ok, du har hatt nok no. Eg skal vise deg noko. Herfrå og ut er det opp til meg.»
Så Thomas Coates la seg på ny inn til avvenning, men for fyrste gong med Gud på laget.
- Kan hende gav det han håp. Og kan hende var dette vendepunktet som gjer at han ikkje ramlar utpå igjen. Isåfall, var ikkje dette verdt det? kommenterer den hemmelege forretningsmannen til slutt.
Du kan sjå fleire reportasjar frå tidlegare års Secret Santa-turnear på CBS.
Barn drepes, hvor har pressen vært?
Høyere status av boblejakke
Hvem fortjener Medierosen 2012?
Barnebibel på app
Gi Gave
La barna få høre om Jesus!

Kjenner barn i Norge til det frigjørende budskapet om Jesus? Barna var viktig for Jesus. Derfor tok han dem inn til seg og velsignet dem. Og han sa at vi andre må bli som barn for å komme inn i Guds rike.
Les mer
Vår mening
“Du kan jo bare slå av” -egoismen

Det er nedslående å se hvordan egoismen, individualismens onde tvillingbror, har gjort sitt inntog i mediedebatten. «Hvorfor kritiserer dere? Dere kan jo bare slå av tv-en!» er kronargumentet...
Les mer
Din mening
Mediene har hovedansvar for det de formidler
Myndighetene er ansvarlige gjennom lover og retningslinjer
Mediebrukerene må selv ta ansvar for det man fyller seg med
Ingen formeningSe resultat


