Parfymereklame koblar barn og sex Faksimile frå TV2

Parfymereklame koblar barn og sex

Det britiske reklametilsynet (ASA) har nedlagt forbod mot ein reklame for Marc Jacobs-parfymen Oh Lola. Årsaka er Lolita-aktige bilder av den 17 år gamle skodespelaren Dakota Fanning. Linda Askeland i Familie & Medier synest det er positivt at etikk og seksualisert reklame vert aktualisert i media.

Ei lårkort Dakota Fanning med ei gigantisk parfymeflaske med ein snart utsprungen blomst mellom beina, vart for hard kost for det britiske reklametilsynet, Britain's Advertising Standards Authority (ASA).

- Provoserande, men ikkje uanstendig, forsvarer parfymeprodusenten Coty UK seg til BBC.

Mogleg forbod

Seksualisering av barn er eit aktuelt tema i Storbritannia og det er berre ein månad sidan ASA drøfta temaet med statsminister David Cameron. Eit regjeringsoppnemnd utval vil ha totalforbod mot store banner med seksuelt eksplisitte reklamar samt soner kring skular utan "lettkledde bilete".

Når det gjeld Fannings reklame for Oh Lola, mottok ASA fleire klager frå forbrukarar som opplevde den støtande. Etter ei vurdering, reagerer ASA mellom anna på at 17-åringen ser langt yngre ut enn enn ho faktisk er.

Fryktar seksualisering av barn

«Vi ansåg at lengda på kjolen, føtene hennar og plasseringa av parfymeflaska påkalla seksuell merksemd. På grunn av den, og måten ho framstår på, anser vi at reklamen kan oppfattast som seksualisering av eit barn.»

Uforståande Marc Jacobs

Motehuset Marc Jacobs som har sitt namn på parfymen, har sjølv skildra reklamekampanjen som «meir Lolita enn Lola», men i fylgje TV2 stiller dei seg uforståande til kritikken.

– Reklamen syner ikkje intime kroppsdelar eller seksuell aktivitet.

Glad for reaksjonen

Linda Askeland i Familie & Medier er samd i vurderinga til ASA.

- Seksualisert reklame som involverar barn er eit tema også i Norge. Det er positivt at etiske vurderingar rundt dette vert aktualisert i media.

- Vi gjentek vår oppmoding til dei ulike bransjane om å være bevisst sine verdiar og i kva retning dei ynskjer å påverke samfunnet.
 


Annonse1
Diagnose: dagens ungdom

Diagnose: dagens ungdom

Er dagens ungdom verre enn tidligere generasjoner?  LES MER
(23.05.2013)
«Ukens ros til NRK»

«Ukens ros til NRK»

Begeistrede seere gir respons på at NRK sendte filmen Predikanten. LES MER
(22.05.2013)
– Ta pornopraten med barna

– Ta pornopraten med barna

Barnevakten får henvendelser fra foreldre og lærere om utstrakt pornobruk blant barn og unge. – Det er viktig at foreldre snakker med barna sine om porno, mener Barnevakten. LES MER
(21.05.2013)
Mediestipend

Mediestipend

Familie & Medier deler hvert år ut stipend for å fremme kristne verdier i mediene. Disse er tildelt midler i 2013. LES MER
(21.05.2013)

Gi Gave

Drømmen: Jesus i mediene

Drømmen: Jesus i mediene


Kan vi forvente at norske tv-kanaler som NRK, TV 2 og TV Norge skal preges av kristen tro? Eller må vi som kristne egentlig bare resignere og ta til takke med de lysglimtene som tross alt finnes i sendeskjemaet?

Les mer

Hva skjer?


10 juni
Styremøte i Familie & Medier
 
>Se hele kalenderen