- Livssyn i journalistisk blindsone
(15.05.2013) - «Ukens Ros» til VG og magasinet Henne
(14.05.2013) - Nordiske Mediedager
(13.05.2013) - Dokumentarfilmen «Predikanten» vises på NRK1
(13.05.2013) - Pressen er opptatt av tro
(12.05.2013) - Kjøper seg skjønnhet
(12.05.2013) - Skrev av Bibelen for hånd
(12.05.2013) - Gratulasjoner til en rebelsk tiåring
(08.05.2013)
Rosetog årets ord
Språkrådet kåra før jul rosetog til årets ord. Ordet vart fødd i dagane etter 22. juli då folk over heile landet gjekk i tog med roser i hendene.
Som vanleg oppstår nye ord når det faktisk er bruk for dei. Av alle dei nye orda i 2011 var det altså rosetog som gjekk av med sigeren. Rosetog er sett saman av to ord og er eit godt døme på ein kreativ konstruksjon, skriv Språkrådet. Ordet var svært mykje brukt i alle deler av media.
Usikker framtid
Dei fleste hugsar vel ordet som slo gjennom med eit brak for snart to år sidan, nemleg askefast, eit ord som er lite i bruk i dag. Om rosetog vil leve vidare gjenstår å sjå. Men uansett vil rosetog for alltid vere bevart i minnet om dagane etter 22. juli.
Andre nyskapingar som kom til i fjor, også dei i etterkant av 22. juli, var ord som ytringsansvar og kontrajihadisme. Og demonstrasjonane i arabiske land gav oss sjasminrevolusjon og den arabiske våren.
Mot slutten av året fekk vi ord som eurokrise, gjeldskrise og ikkje minst smørkrise. Kulturkjerring, strøyming (norsk versjon av det engelske streaming) og nettbrett er også kome for å bli.
Å face
På NRK beta vert verbet å face presentert og dissekert. Face er å sende ei melding på Facebook. NRK beta har lagt merke til at stadig fleire istadenfor å seie «eg sender deg ei melding på Facebook seinare i dag», seier «eg facer deg seinare idag». Journalisten filosoferer over om ikkje denne kortversjonen oppstod slik ordlyden «å kalle opp med telefonapparatet» vart til «å telefonere» før den vart til dagens «å ringe».
Livssyn i journalistisk blindsone
«Ukens Ros» til VG og magasinet Henne
Nordiske Mediedager
Dokumentarfilmen «Predikanten» vises på NRK1
Gi Gave
Drømmen: Jesus i mediene

Kan vi forvente at norske tv-kanaler som NRK, TV 2 og TV Norge skal preges av kristen tro? Eller må vi som kristne egentlig bare resignere og ta til takke med de lysglimtene som tross alt finnes i sendeskjemaet?
Les mer
Hva skjer?


