- Barn drepes, hvor har pressen vært?
(16.05.2012) - Høyere status av boblejakke
(15.05.2012) - Hvem fortjener Medierosen 2012?
(15.05.2012) - Barnebibel på app
(15.05.2012) - Hjertevarm video om et annerledes barn
(14.05.2012) - Reality-tv vil skape fred i Irak
(14.05.2012) - Eurovision-bloggere ønsker Grand Prix-boikott
(14.05.2012) - Jeg vil eldes med smil
(09.05.2012)
F.v.: Pater James Martin og programleiar Stephen Colbert. Foto: The Colbert Report.Talkshow med eigen husprest
Medan Storebrand er einaste norske selskap med bedriftsprest og «Torsdag kveld fra Nydalen» kun dikta opp ein, har det amerikanske satireshowet «The Colbert Report» ein ekte og fast «husprest» i pater James Martin.
The Colbert Report er kjend for å sparke hemningslaust og satirisk i alle retningar og kan neppe skuldast for å ha nokon kristen agenda. Likevel held altså sistnemnde seg med eigen prest, jesuittpater James Martin.
Litt spøkefullt vedgår Martin at jobben som prest for programmets publikum, eller «the Colbert nation», sjølvsagt er langt viktigare enn hans daglege yrke som kulturredaktør for American Magazine.
Humor i Bibelen
I høve Martins nyaste bok Between Heaven and Mirth, vert dei to sitjande og snakke om kva historier i Bibelen som viser at Gud har humor. Martin meiner det moderne publikum går glipp av ei rad morsomme poeng som ein samtidig lokal lesar ville ha forstått.
Han syner mellom anna til det fyrste møtet mellom Jesus og Natanael der Natanael arrogant spør om det kan kome noko godt frå Nasaret.
- Det er ein tydeleg vits om ein bakstreversk by med berre nokre få hundre innbyggarar. Men istadenfor å bli fornærma, svarer Jesus at der er er ein ekte israelitt, ein mann som det ikkje finst svik i. Med andre ord hadde Jesus sansen for Natanaels humor, meiner Martin.
- Er det noko humor i det gamle testamentet? spør Colbert.
- Å, masse, svarer Martin og gjer eit poeng av at både Abraham og Sara lo då Gud sa dei skulle få eit barn.
- Så på sett og vis har verdas tre store monoteistiske religionar starta med ein god latter.
- Men dei ler ikkje mykje når dei møter kvarandre i dag, parerer Colbert til applaus og latter frå publikum i salen.
Sjølvhøgtideleg
I eit intervju med CNN seier Martin at kristne ikkje må ta seg sjølv så høgtideleg, men kunne le meir av seg sjølv og sine særtrekk. Han er spesielt svak for Monty Python og ler til dømes godt av Life of Brian.
- Men slutten der alle syng medan dei heng på korset, nei, då må eg skru av. Det vert rett og slett for personleg.
Barn drepes, hvor har pressen vært?
Høyere status av boblejakke
Hvem fortjener Medierosen 2012?
Barnebibel på app
Gi Gave
La barna få høre om Jesus!

Kjenner barn i Norge til det frigjørende budskapet om Jesus? Barna var viktig for Jesus. Derfor tok han dem inn til seg og velsignet dem. Og han sa at vi andre må bli som barn for å komme inn i Guds rike.
Les mer
Vår mening
“Du kan jo bare slå av” -egoismen

Det er nedslående å se hvordan egoismen, individualismens onde tvillingbror, har gjort sitt inntog i mediedebatten. «Hvorfor kritiserer dere? Dere kan jo bare slå av tv-en!» er kronargumentet...
Les mer
Din mening
Mediene har hovedansvar for det de formidler
Myndighetene er ansvarlige gjennom lover og retningslinjer
Mediebrukerene må selv ta ansvar for det man fyller seg med
Ingen formeningSe resultat


