- Diagnose: dagens ungdom
(23.05.2013) - «Ukens ros til NRK»
(22.05.2013) - – Ta pornopraten med barna
(21.05.2013) - Mediestipend
(21.05.2013) - «Tilfredsstiller alle uten å fornærme noen»
(21.05.2013) - Bønnen som sjokkerte verden
(20.05.2013) - Livssyn i journalistisk blindsone
(15.05.2013) - «Ukens Ros» til VG og magasinet Henne
(14.05.2013)
Under fattigdomsgrensa i fem dagar
Norske Bo Brekke er ein av tusenvis verda over som i fem få dagar vel å leve for mindre enn ti kroner dagen i Live Below the Lines solidaritetskampanje for verdas fattige.
Frå 7. til 11. mai pågår kampanjen Live Below the Line som utfordrar det velfødde vesten til å leve på ein dollar og femti cent per dag som ei solidaritetshandling med verdas mange fattige. Summen er henta frå Verdensbankens utsegn om at dei som lever for mindre enn desse om lag ti kronene kvar dag, lever i ekstrem fattigdom.
Håpet er at kampanjen i neste omgang vil mane vesten til handling. Eller som leiaren for Global Poverty Project uttaler til nettstaden Mashable: «vi prøver å samkøyre online aktivisme med ei offline oppleving.»
Den australske skodespelaren Hugh Jackman frontar kampanjen og Live Below the Line oppstod då også i hans del av verda i New Zealand for fire år sidan. Sidan då har kampanjen spreidd seg som eld i det berømte tørre graset til Storbritannia, USA og altså også no til Norge.
Drikk gratis vatn
Bo Brekke fortel til Vårt Land at han satsar på pasta, frosne grønsaker, bananer, havregraut og ukjende mengder gratis vatn. Korleis det går kan du lese i avisa på laurdag.
I mellomtida kan du gå inn på denne sida for å fylgje med på dei norske deltakarane i kampanjen, donere pengar til ei god sak og kanskje verte motivert til å delta neste år?
«Ukens ros til NRK»
– Ta pornopraten med barna
Mediestipend
Gi Gave
Drømmen: Jesus i mediene

Kan vi forvente at norske tv-kanaler som NRK, TV 2 og TV Norge skal preges av kristen tro? Eller må vi som kristne egentlig bare resignere og ta til takke med de lysglimtene som tross alt finnes i sendeskjemaet?
Les mer
Hva skjer?



