Sosial mini-bank på Facebook

No kan du betale små pengesummar direkte til vener på Facebook via applikasjonen Buxter. - Folk deler status, informasjon og bilder på Facebook, så kvifor ikkje dele pengar også, seier opphavaren.

Av Silje Rognsvåg

- Vi håper at folk kan nytte tenesta til å betale kvarandre for felles utgifter som kinobillett og restaurantvitjing, seier 
Christian von Hammel-Bonten, senior visepresident hjå ClickandBuy som står bak applikasjonen.

Buxter skal også gjere det lettare å betale for kommersielle tenester i nettverket.

- Dette er mykje enklare enn å måtte betale gjennom nettbanken din. Bare eit par klikk og du kan sende eller etterspørje pengar, så lett som overhovudet mogleg, seier visepresidenten.

Små kontoar
Transaksjonar mellom Buxter-kontoar er gratis, men skal du flytte pengar til ein bankkonto må du betale rundt to euro i avgift. Dessutan vert transaksjonar andre valutaer enn euro og amerikanske dollar belasta med ein avgift på fem prosent.

Det er ikkje lov å ha meir enn 50 euro på Buxter-kontoen, så det leggjast ikkje til rette for dei store betalingane. I tillegg kan overføringar bare gjerast mellom Facebook-kontaktar.

- Vi prøver ikkje å konkurrere med nasjonale banksystem. Dette er ikkje staden å betale for strøm og  husleige, seier han.

Sosial økonomi
- Facebook er i ein overgang frå å vere eit reint sosialt nettverk til å bli ein sosial økonomi, meiner von Hammel-Bonten.

Han peikar på at ein allereie oppnår virtuelle goder i Facebook-spel, og trur det i framtida vil bli meir kommersiell aktivitet på plattformen.



Kjelder: BBC news og Buxter Blog


Vår mening

- Naturlig at den kristne tro får god dekning i NRK



- Gudstjenesten er et av de viktigste kulturelle uttrykk i Norge, og samler årlig mer enn Tippeligaen gjør, sa redaksjonssjef Henning Olstad i NRK, da livssynsformidling i NRK var tema i Kringkastingsrådet. Jarle Haugland i Familie & Medier oppfordrer til mer tydelig formidling av kristen tro.

Les mer

Hva skjer?