Stadig fleire afrikanarar brukar mobiltelefon. Også kyrkjelydane nyttar dei nye teknologiske moglegheitene. Foto: Ken Banks, kiwanja.net

Mobil hjelper afrikanske kyrkjer

Mobiltelefonen revolusjonerer kyrkjene i Afrika. Dei gjer kollekt, spreier talar og held kontakten med nye konvertitter via telefonen.

Av Silje Rognsvåg

Kyrkja ser på mobilen som ei velsigning og ei gåve frå Gud.

- Det er som om mobilen har revolusjonert alt, til og med kristendomen, seier den anglikanske biskopen Charles Gaita frå Nyahururu i Kenya, til ENI (Ecumenical News International).

For ti år sidan fordømte visse kyrkjer mobiltelefonen som eit teikn på materialistisk forderving. No priser kyrkjeleiarane oppfinninga som noko som har gjort kyrkjelivet mykje enklare, og som gjer det lettare å halde oppe engasjementet hjå kyrkjelyden.

Biskopen fortel at det går lettare å spreie informasjon om kyrkja sine aktiviteter via mobilen, til dømes invitasjonar til bibelstudium og møter.

Vidare seier han at mange kristne er veldig kreative i måten dei bruker mobilen på. Dei sender ut bibelvers via sms, og religiøse debattar pågår i sosiale media via mobilen.



Kjelde: Svenske Dagen


Vår mening

- Naturlig at den kristne tro får god dekning i NRK



- Gudstjenesten er et av de viktigste kulturelle uttrykk i Norge, og samler årlig mer enn Tippeligaen gjør, sa redaksjonssjef Henning Olstad i NRK, da livssynsformidling i NRK var tema i Kringkastingsrådet. Jarle Haugland i Familie & Medier oppfordrer til mer tydelig formidling av kristen tro.

Les mer

Hva skjer?