Internett gjev folk større fridom. Tre av fire i Japan kunne ikkje greid seg utan. Foto: zizzy0104@sxc.hu

- Internettilgang er ein menneskerett

Nesten fire av fem personar i verda meiner at tilgang til internett er ein fundamental rett. - Retten til å kommunisere kan ikkje bli ignorert, seier ein FN-talsmann.

Av Silje Rognsvåg

Menneske frå 26 land, både med og utan nettilgang, ønskjer at det skal vere ein menneskerett å kunne logge seg på internett. Det kjem fram av ei meiningsmåling gjort for BBC. Nesten 80 prosent av dei spurde er heilt eller delvis einig i dette.

- Internett er den kraftigaste potensielle kjelda for innsikt/opplysing som nokonsinne er laga, meinar Dr. Hamadoun Toure, generalsekretær i unionen for internasjonal telekommunikasjon i FN (ITU).

Han meiner at statane må sjå på internett som grunnleggjande infrastruktur, slik som vegar, avfall og vatn.

- Vi lever i eit kunnskapssamfunn der alle må ha moglegheit til å delta, seier han.

Avhengige av internett
Sør-Korea er landet der flest menneske har tilgang til internett, og der var også 96 prosent av dei spurde einige i at dette burde vere ein menneskerett.

Undersøkinga viser også at internett raskt vert ein del av livet til mange menneske i store delar av verda. Rundt tre av fire i Japan, Mexico og Russland svarte at dei ikkje kunne greie seg utan. I tillegg meinte dei fleste at internett har ein positiv verknad og at det gjev dei større fridom.

Tilgangen til internett har auka kraftig dei siste ti åra. Sjå utviklinga grafisk.

Når det gjeld dei negative sidene ved nettet uroa ein del av brukarane seg for svindel, personvern og tilgang til valdeleg innhald. Fleirtalet av dei spurde i Japan, Sør-Korea og Tyskland meinte at dei ikkje kunne uttrykkje seg heilt trygt på nettet, mens folk i Nigeria, India og Ghana hadde større tiltru til å kunne ytre seg.



Kjelde: BBC News


Vår mening

- Naturlig at den kristne tro får god dekning i NRK



- Gudstjenesten er et av de viktigste kulturelle uttrykk i Norge, og samler årlig mer enn Tippeligaen gjør, sa redaksjonssjef Henning Olstad i NRK, da livssynsformidling i NRK var tema i Kringkastingsrådet. Jarle Haugland i Familie & Medier oppfordrer til mer tydelig formidling av kristen tro.

Les mer

Hva skjer?